[07.06.2022] I forrige veke overleverte Brødrene Aa den nye katamaranen, Aero 1 Highspeed, til Attica Holding S.A.

Med Aero 1 Highspeed til Attica leverer vi for fyrste gong eit fartøy med det nye Aero-konseptet. Det aerodynamiske og energieffektive designet, saman med det som er varemerket vårt; fartøy i lettvekt karbonfiber-kompositt, skal bidra til positive effektar for både miljø og driftsøkonomi, seier Tor Øyvin Aa, dagleg leiar i Brødrene Aa.

Administrerande direktør i Attica, Mr. Spiros Paschalis og administrerande direktør i Brødrene Aa, Tor Øyvind Aa markerer overtakinga av Aero1 Highspeed. Dette er den første av tre Aero katamaranar som Attica har bestilt av Brødrene Aa. Katamaranen skal syte for første klasses sjøtransport for passasjerar mellom dei Saroniske øyane. Foto: Brødrene Aa AS

Bilde framside: Det nye aerodynamiske fartøyet representerer eit nytt og innovativt design for ekspressbåtar. Foto: Brødrene Aa AS

Betydeleg oppgradering – for både miljø og passasjerar
Med den lette konstruksjonen i karbonfiber bidreg det nye fartøyet til ein reduksjon i utslepp og drivstofforbruk. For å ytterlegare betre energieffektiviteten, har Attica i tillegg utstyrt fartøyet med solcellepanel. Dette vil generere nok straum til lys og energiforbruk til dei innvendige passasjerareala.

I utfordrande tider held vi fokus på å tilby fyrsteklasses sjøtransport for våre passasjerar. Med nye, innovative og meir bærekraftige fartøy, representerer dette eit framsteg for øysamfunna, innbyggarane, gresk turistnæring og økonomi, seier administrerande direktør i Attica, Mr. Spiros Paschalis, i samband med overleveringa.

Det nye, aerodynamiske Aero-designet representerer det fremste av nytenkjande og innovativt design i ekspressbåtklassen. Eit segment der Brødrene Aa har ein sterk internasjonalt posisjon.

For å betre energieffektiviteten har Attica utstyrt fartøyet med solcellepanel som vil generere nok energi til belysning og dei elektriske systema ombord. Foto: Brødrene Aa AS

Til glede for ein stor kundemasse
Dette gjev ei betydeleg oppgradering av reisetilbodet til over tre millionar passasjerar som årleg reiser mellom dei De saroniske øyane i Hellas.

-Vi er veldig nøgde og stolte av at fartøya våre snart vil segle i greske farvatn, i hendene på ein av dei største ferjeoperatørane i Europa, seier Tor Øyvin Aa.
Den nye katamaranen er med på å auke totalkapasiteten på dei saroniske rutene betydeleg.

Dette er Aero 1 Highspeed
Aero 1 Highspeed er med sine 36 meter i lengde og 9,7 i breidde den fyrste av tre Aero katamaranar. Med full last vil den kunne halde ein maksfart på 32 knop.
Interiøret er utarbeida med fokus på komfort, også i tøff sjø. Ein vidareutvikla passasjersalong sikrar luftige opphaldssoner med godt dagslys gjennom store vindauge. Ein har også sikra god tilrettelegging for rørslehemma, i tillegg til eigne soner for sykkeltransport.

Attica-gruppa driftar i dag totalt 32 fartøy, og syter for moderne ekspressbåtar i og utanfor Hellas. Selskapet opererer i fire land og har ruter til heile 60 unike destinasjonar. Mellom 71 hamner transporterer dei over sju millionar passasjerar, 1 million privatbilar og 400 000 frakteiningar årleg.

Tilsette i Attica og Brødrene Aa feirar ferdigstilling og overlevering av Aero1 Highspeed. Målet er å betre reiseopplevinga for over tre millionar passasjerar som årleg reiser mellom dei Saroniske øyane. Foto: Brødrene Aa AS

Kontaktpersonar
Brødrene Aa:
Dagleg leiar Tor Øyvin Aa, mobil: +47 950 57 187