- Hjem
- Hurtigbåtkonferansen 2023
- Bli medlem i HRF
- Tilbake
- Bli medlem
- Medlemsliste
- Kalender
- Om oss
- Kontakt
- Blogg
Dei karakteristiske båtane i Brim-serien fraktar passasjerar rundt på miljøvenlege turar og cruise i Noreg. Når rederiet no lanserer si tredje båt, «MS Bris», er det i samarbeid med Brødrene Aa frå Hyen.
– Vi vel å byggje båtane våre i Noreg fordi den norske maritimklynga er i verdsklasse på utvikling og bygging av lav- og nullutsleppsfartøy. Brødrene Aa utmerkar seg som eit verft med høg innovasjonsevne og kompetanse til å levere neste generasjon Brim-båtar, seier dagleg leiar i Brim Explorer, Agnes Árnadóttir.
Brødrene Aa har ei lang historie å syne til i utviklinga av energieffektive båtar, spesielt dei siste tjue åra etter at karbonfiber blei tatt i bruk som byggemateriale. Brim-leveransen blir verftet sitt fjerde heilelektriske passasjerfartøy.
– I Brødrene Aa har vi eit sterkt fokus på energieffektivisering. Vekt- og skrogoptimalisering er noko vi har arbeidd med lenge, men Brim-rederiet har klart å utforde oss til å bli enda betre. Samarbeidet med Brim ser vi som svært positivt for oss. Saman har vi jobba fram løysingar som løftar utviklinga av bærekraftige og miljøvenlege fartøy ytterlegare, fortel Tor Øyvin Aa, dagleg leiar i Brødrene Aa.
MS Bris vil sjøsettast neste sommar og skal gi innbyggarar og turistar i Oslo nullutsleppsopplevingar på fjorden heile året. Dette er den tredje båten i Brim-serien, men det første av dei tre som er heilelektrisk og bygd i karbonfiber.
– Våre kundar etterspør produkt av kvalitet og som etterlet seg mindre klimafotavtrykk. Vi er sikker på at det er marknad for fleire elektriske opplevingar langs Noregs kyst, og at denne lanseringen viser at det er optimisme for framtida til eit norsk reiseliv med fokus på kvalitet og bærekraft, fortel Árnadóttir.
Brødrene Aa:
Dagleg leiar Tor Øyvin Aa, mobil: +47 950 57 187
Brim Explorer:
Medgründer og teknisk sjef (CTO), Espen Larsen-Hakkebo, mobil: +47 970 78 478
Om Brødrene Aa
Brødrene Aa AS er verdsleiande innan konstruksjon og bygging av hurtiggåande båtar i karbonfiber. Selskapet sitt hovudkontor og -verft ligg i Hyen i Sogn og Fjordane, med aktivitet i Bergen, Eikefjord, Sandane og Guangzhou, Kina.
Brødrene Aa leverte sin fyrste båt i karbonfiber i 2002. Teknologi og byggjeteknikk har gjennom åra blitt kontinuerleg vidareutvikla og selskapet har levert eit stort utval fartøy både for den innanlandske og internasjonale marknaden. Brødrene Aa AS er eigd av Brødrene Aa Eiendom og CKS Investment Norway. For meir informasjon: www.braa.no