[13.05.2022] HRF støttar opp under eit godt skrive innlegg/kronikk på Facebook i dag av Jan Willy Folgerø-Holm, om gratisferge-ordninga som Regjeringa har lagt frem:

Mobbing, utelating, ekskludering og diskriminiering er samfunnsfenomen som vert slegen hardt ned på. Med rette. Også regjeringa og politikarane rundt dei er klåre på dette punktet. Men greier dei sjølv å leva dette ut i praksis? Nei, det kan diskuterast, eller rettare, dei bryr seg katten i desse reglane når dei sjølv skal dele ut goder. Og diskrimineringa vert dekka over av gladsaker som gøymer heilskapen, gøymer dei som fell utafor. Det er mange døme på dette.

Jan Willy Folgerø-Holm med dagens kronikk på FB. (foto: Bømlo-nytt)

Det ferskaste er det eg vel å kalla «gratisferjebløffen»

Då det kom varsel om at alle bilfergesamband med mindre enn 100 000 passasjerar/år skal verta gratis, fauk flagga til topps i mange øysamfunn langs den lange kysten vår. Men merk deg at dette gjaldt bilferger. Langs kysten vår er det mange, mange, øyar og små veglause samfunn som berre har båtsamband i form av ein liten snøggbåt. Det er ofte dei ytterste av dei ytre utkantane, utkantar som klorar seg fast til ein eksistens på tross av at «tida» er i mot dei. Desse samfunna er utelaten i regjeringa si «distriktspakke». Ekskludert. Egentlig kan stortinget samanliknast med ein stor russebuss som seier til enkelte at «du får ikkje vera med på dette!»

Og kven er det som «ikkje får vera med?»

• Fleire øyar i Ryfylke

• Røvær og Feøy utafor Haugesund

• Espevær

• Møgster og Litlakalsøy i Austevoll

• Fleire små øyar nord i Hjeltefjorden

• Gulen og Solund i ytre Sogn

• Florøområdet

• Måløy (Silda)

• Mange langs Trøndelagskysten

• Mange langs Helgelandskysten

• Lofoten og Vesterålen

• Fleire i Troms

• Fleire Finnmark

Blei dette for mykje for folka i finansdepartementet. Er kysten for lang? No er det politiske røyster som arbeidar med dette, men når dei fram?

Jan Willy Folgerø-Holm, 15.05.2022