[16.12.2021] Skyss førebur konkurranse om drift av askøyruta (Strandkaien-Kleppestø) og nordhordlandsruta (Knarvik-Frekhaug-Bergen). Dagens kontrakt for desse rutene utløper 31.12.2022.

HRF har i dag sendt inn denne merknaden til Skyss:

Vedr. Marknadsførespurnad – Førebuing av konkurransegrunnlag for drift av båtrutene Strandkaien-Kleppestø og Knarvik-Frekhaug-Bergen

Syner til ovanfor nemnde sak og oppmodinga frå Skyss til marknaden om tilbakemelding på førebuing til utlysing av konkurranse.

Hurtigbåtforbundet HRF jobbar for gode rammevilkår for alle passasjer- og hurtigbåtoperatørar i Noreg. Vi har i dag 32 store og små rederier på medlemslista. Vi er ein arbeidsgivarorganisasjon ved at vi på vegne av våre medlemar har tariffavtale med dei tre sjømannsorganisasjonane NSOF, NMF og DNMF. I tillegg til rederia, så har HRF omkring 20 medlemsbedrifter i kategorien verft, leverandør, produsent og konsulent. På den måten er HRF bredt samansett bransjeorganisasjon beståande av mykje kompetanse. Vi er pro aktive for bransjen og er engasjert for og med Sjøfartsdirektoratet og andre organisasjonar i mange sentrale prosjekt/tema.

Hurtigbåtforbundet og våre medlemar er i front når det gjeld å bidra til omstilling i det grøne skiftet. Vi har fleire rederi som etter mange års drift har rik erfaring med lav- og nullutslepp fartøy. Saman med våre verft og leverandørar er det HRF-rederia som i dag sit med mest el/batteri driftstid på lettbygde LC fartøy i Noreg.

Vår tilbakemelding her er knytta til forholdet om det som vi oppfattar er ei samanslåing om drift av båtrutene til ei kontrakt. Gjeve slik:

Ein felles driftskontrakt for rutene med krav og heil- og delelektrisk drift. Drifta skal starte opp seinast i januar 2025, men med opsjon for operatør til å starte opp drifta frå anten desember 2023 eller juni 2024 dersom operatør ser at dette er mogeleg.

Anbud må formast slik at kompetansesterke små og mellomstore skyssbåt-rederi kan delta!

Det er etter HRF sitt syn veldig uheldig at desse to rutene vert slått saman til ei driftskontrakt. Med ei slik samanslåing vert kampen om kontrakta mindre ved at færre selskap har økonomisk ryggrad til å kunne delta. Dette slår spesielt gale ut for dei typiske skyssbåt-rederi som har traffikert fjord- og kyst-Noreg i lang tid.

Fylkeskommunar og kollektivselskap med sin stadige politikk om å slå saman ulike ruter, diskvalifiserar mindre selskaper frå å delta. Mange små og mellomstore skyssbåt/rutebåt-selskap har høg kompetanse og er rike på lokal- og teknologi-kunnskap, men når kostnadsomfanget vert som her, så vert dei fleste naturleg degradert til å stå på sidelinja.

HRF oppmodar sterkt om å utlyse rutene separert.

Med ein rutepakke som omfattar 3 innovative nybygg pluss reservefartøy og infrastruktur, blir investeringa så stor at det utelukkar alle typiske norske skyssbåt-rederi i å delta. Slike rederi finn ikkje høve til å delta på heile pakken og får dermed aldri høve til å utvikle selskapet til nivå der ein kan utfordre slik som i denne konkurransen.

Vi meiner dette er usunne konkurransevilkår der det offentlege ikkje legg forholda til rette for like konkurransevilkår for alle aktørar i bransjen.

HRF vil også påpeike at ei utlysing der rutene er samanslått kan vere i strid med dei grunnleggande prinsippa for offentlege anskaffingar, jf. lov om offentlige anskaffelser § 4. Eit av dei grunnleggande prinsippa er konkurranse. Konkurranse sikrar effektiv ressursbruk i det offentlege og bidreg til at kostnadar og prisar holdast nede. I EU-direktivet som anskaffelseslova bygger på, Rdir.2014/24/EU, artikkel 18 nr. 1 formulerast konkurranseprinsippet slik:

“1. Contracting authorities shall treat economic operators equally and without discrimination and shall act in a transparent and proportionate manner.

The design of the procurement shall not be made with the intention of excluding it from the scope of this Directive or of artificially narrowing competition. Competition shall be considered to be artificially narrowed where the design of the procurement is made with the intention of unduly favouring or disadvantaging certain economic operators.”

Slik anbudet no er utforma, avgrensar ein konkurransen om rutene slik at berre eit fåtall av dei reelle tilbydarane får teke del i konkurransen. Ein stiller spørsmål ved om dette bidreg til ei kunstig innskrenking av konkurransen.

Skyss kan også vurdere alternative drifts-modellar. F.eks. sjå til Nordland Fylkeskommune. Den to-delte innkjøpsmodellen som vert praktisert der, gjer det mogleg for dei mindre aktørar å konkurrere om alle skyssbåt-ruter i Nordland. Modellen er kjend for dei fleste og vi veit at det er ulikt syn om denne løysinga. Difor vil vi ikkje spesielt framsnakke eller peike på «Nordlandsmodellen» som den beste løysing, men vi registrerer at her oppnår fylket stor konkurranse om drift av rutene ved at det er ein relativ lav økonomisk terskel for deltaking. Fleire små rederi vert engasjert med kontrakt, og det hevdast også at den er kostnadseffektivt for fylket og samfunnet.

Alle norske hurtigbåtaktørar må, og er interessert i å ta del i det grøne skiftet. Men det er også veldig klart for alle at prisen er høg. Invisteringskostnaden er mykje større enn kva tilfelle hadde vore med konvensjonell energi-løysing på rutene. Det er då viktig at rute-anbuda vert helde nede på nivå som dei har i dag. Då kan fleire konkurrere.

Det er ikkje noko avhengig binding mellom Askøyruta og Knarvikruta. Rutetabell, kaifasilitet og fartøy er heilt uavhengige av kvarandre, og skulle dermed vere enkelt å halde adskilt i anbudet.

Vi ser helst og oppmodar sterkt om at fylker, kommunar og kollektivselskap formar framtidige anbudskonkurransar med lavast mogleg økonomisk terskel slik at flest mogleg av dei profesjonelle små og mellomstore hurtigbåtrederi kan konkurrere på like vilkår, og dermed får høve til å vekse og vidareutvikle sitt selskap.

Dette er også god samfunns- og distriktspolitikk!

Vonar Skyss tek desse momenta med i vidare utforming til å utlyse rutene separert.

Mvh

Bjarne Rygg

Daglig leder

Hurtigbåtforbundet HRF