[07.10.2021] Under årets Årsmøte festmiddag i Bergen fekk to av HRF sine mestjobbande og mest trufaste personar for hurtigbåtnæringa tildelt sine velfortjente utmerkelsar. I heile sine yrkesaktive karrierer har dei stått på for å kvalitetsheve, sikre og styrke grunnlaget for vekst og trygge forhold for hurtigbåten spesielt og den maritime bransje generelt.

Rune og Ottar. Foto: HRF

Styreformann Rune Midtkandal stod for tildelinga og sette desse orda til markeringa:

HRF-prisen 2021: Ottar Johann Aare

Ottar var med heilt frå starten og gjorde HRF til ein livsstil, til fellesskapets beste.

Kjenneteikn:

  • Stolt, sta, uredd, ryddig og svært tydeleg
  • Som prøveturkaptein på Langsten var det ikkje det minste i tvil om kven som hadde kommandoen
  • Eit brennande og smittsomt engasjement, det går eit laust rykte om at han vart vist på gangen under eit møte med Sjøfartsdirektoratet
  • Vidsynt og reflektert etter eit langt liv i bransjen
  • Frå barnebarna: Snill, morsom, smart, veit mykje om båtar og vikingar, god til å fortelle historier, gir gode klemmar
  • Konstant forelska. Sitat fra Susanne ifm 40 år bryllusdag 21.mars:

«Verdens beste mamma og pappa som MÅ ringe hverandre hver dag hvis de ikke er sammen. Som er bestevenner, aldri slipper opp for samtaleemner og holder hender når de går tur.»

Vil våge påstanden om at HRF etter ei tid hadde rent ut i sanden om det ikkje var for Ottar si stayer-evne. For dette er vi svært takknemleg.

Mange store og små slag er kjempa, dei fleste med seier i bransjen og forbundet sin favør. Gikk æresrunda med mineraloljeavgift-refusjonen, som vil spare bransjerederia for millionar framover.

Ikkje mogeleg å fylle Ottars sko, vart det sagt, noko som nok stemmer. Bjarne hadde heldigvis alternative sko å ta på seg og vi går vidare!

Stort fokus på leiing, samarbeid og kommunikasjon. Har vore ei sentral brikke i tryggleiksarbeid og kompetanseheving, noko vi framleis har glede av.

Viser storsinn når nokon har vore uheldig, og prøver alltid å sette seg inn i vedkomande sin situasjon. Ein av veldig få eg kjenner som har prøvd å forstå kva som gjekk føre seg i vaktsjefen sitt hovud på KNM Helge Ingstad, og som ikkje har fordømt det som hende. Dette står det stor respekt av.

Vi gler oss til å ha deg med vidare, og du må nok være budd på flere prisar når tida er inne for det. Tusen takk for innsatsen!

Æresmedlem Per Vold

Er så heldig å være onkel til ein spesiell krabat som heiter Gustav.

Nå han starta på skulen, ville læraren vite kva elevane skulle bli. I møbelbygda Sykkylven var det nok mange som ville bli saumoperatørar eller skumskjærarar, men Gustav var klinkande klar på at han skulle bli Superhelt!

Lærarane tykte dette var rart, og pørvde å få han på andre tankar, men han stod på sitt, til det vart foreldresamtale av det.

Definisjon av superhelt:

«Superhelten er en heroisk fiktiv person som besitter et spesielt talent, overnaturlige fenomener eller overmenneskelige krefter (superkrefter). Den eldste definerte superhelten er Supermann fra 1938.»

Om vi stryk eitt ord (fiktiv), har vi ein superhelt med oss i dag.

Han har bidratt til å redde mange menneskeliv dei siste 30 åra, ikkje ved å klatre opp bygninger på brennande hus, men ved forebyggande tryggleiksarbeid.

Per er ekstremt sta, men på ein godmodig måte. Han er ein praktisk «doer» som har hatt ein sentral plass i HRF heilt frå starten.

Per har kanskje ikke svart belte i byråkrati, lover og regelverk, men har høg sikkerhetsfilosofi og fører skuta med stor, trygg og stødig hand.

Han har aldri vore redd for å tenke alternativt, og leitar etter dei mest banale løysingane, som ofte viser seg å fungere.

Ein relasjonsbyggar av rang, oppteken av fellesskapet både i familien og i bransjen.

Trur nok at Edgar Ådnenes i Kystverket var ein relativt fåmælt og religiøs person til han møtte denne superhelten, men vart etterkvart fæl til å banne.

For innsatsen som aktiv deltakar og styreleiar i mange år, og for den livreddande innsatsen med merkesystema langs kysten, vil vi med dette utrope Per Vold til HRF Æresmedlem!