[25.04.2022] Treng du eller dine tilsette hurtigbåtkurs før sommaren? Siste kurs før ferien er i veke 21.
No kan vi også tilby assessor hurtigbåt ved Sikkerheitssentert i Måløy på kun 2,5 dagar. Dette kurset vert samkøyrt med retrening hurtigbåt, og er sett opp i veke 17.
Første hurtigbåtkurs etter ferien er i veke 35. Vi har også sett opp assessor hurtigbåt i veke 43.
Hugs også at Sikkerheitssenteret i Måløy med jamne mellomrom har ein rekkje andre typar kurs som for eksempel oppdatering grunnleggande sikkerheitskurs, oppdatering vidaregåande sikkerheitskurs, samt fult kurs og oppdatering passasjer- og krisehandtering.

Sjå vår kursplan for hurtigbåtkurs vår 2022 og haust 2022 nedanfor, og ta gjerne kontakt for informasjon og påmelding. Telefon: 97 11 99 99 e-post: sim@vlfk.no

Vår 2022
Veke 17: Hurtigbåt inkludert BRM-ERM + Retrening hurtigbåt inkludert BRM ERM
Veke 17: Assessor hurtigbåt
Veke 21: Retrening hurtigbåt inkludert BRM ERM

Haust 2022
Veke 35: Hurtigbåt inkludert BRM-ERM + Retrening hurtigbåt inkludert BRM ERM
Veke 40: Retrening hurtigbåt inkludert BRM ERM
Veke 43: Hurtigbåt inkludert BRM-ERM + Retrening hurtigbåt inkludert BRM ERM
Veke 43: Assessor hurtigbåt
Veke 48: Retrening hurtigbåt inkludert BRM ERM