[09.01.2023] Denne veka kom Sjøfartsdirektoratet med forslag om å framleis
halda på at verdsarvsfjorden på Vestlandet skal vera
utsleppsfrie frå 2026.

Artikkel i Skipsrevyen i dag av journalist Anders Huke.

Forslaget er ikkje godt motteke av ordførar i Aurland, Trygve Skjerdal eller hamnesjef i same kommune, Tor Mikkel Tokvam.

– Konsekvensane i lokalsamfunnet som følgje av Sjøfartsdirektoratets forslag til nullutsleppsregelverk i verdsarvfjordane går langt utover kva Aurland kommune kan akseptera, har ordføraren uttalt.

Løyser ingenting

Direktoratet føreslår at bruk av biogass kan vera eit alternativ i ein overgangsperiode og vil likestilla biogass med nullutslepp og tillate bruk av biogass fram til 2035

Leiar i Hurtigbåtforbundet (HRF) Bjarne Rygg meiner dette er for defensivt.

– Dette vil ikkje løysa noko for fjordane. Det er få som satsar på gassdrift på store cruiseskip, det er dyrt og lite tilgjengeleg. Samstundes bremsar det omstillinga til straum og hydrogen i fjordane. Eit absolutt nullutsleppskrav vil trigga dei gode løysingane.

– Om ein ikkje set krav vert det heller ingen utvikling. Med strenge miljøkrav, som me i Noreg har i forhold til å nå FN sine klimamål, skjer det mykje god grøn utvikling i norsk maritim bransje.

Endring i næringspolitkken?

Han får stønad frå administrerande direktør i bransjeorganiasjonen for grøn utvikling i den maritime næringa Maritime Cleantech, Håvard Tvedte.

Konstituert CEO i Maritime CleanTech, Håvard Tvedte.
Konstituert CEO i Maritime CleanTech, Håvard Tvedte.

– Næringa må ha føreseielege vilkår for sine grøne satsingar. Om dette forslaget skal endra den grøne næringspolitikken ein har styrt etter dei siste fem åra er det alvorleg. Forslaget om overgangsordning fram til 2035 vil straffa dei som har gått fremst, investert og tilpassa seg vedtatt politikk heilt sidan 2018. Den føreslegne innretninga kan i staden enda med 12 nye år med investeringsvegring, og det høyrer heller ikkje saman med norske mål om store utsleppskutt og auka grøn maritim eksport.

Kan stimulera lokal økonomi

Rygg peikar på at ei slik satsing er interessant med tanke på både berekraft og økonomi for lokale aktørar.

– Dette er eigentleg ein unik sjanse for oss å visa handling for framtida i to verdifulle områder, men me må samarbeide for å lukkast. Får me til ei storstilt satsing på ladeinfrastruktur på langs og tvers av fjordane, kan hurtigbåt- og passasjerbåt reiarlaga i samarbeid med cruisenæringa finne gode løysingar som er grøne og tilfredsstillande. Me har teknologien på plass og det er det mange eksempel på. Men me treng ei storslått satsing som gjer at me får infrastruktur, intensiv- og tiltaksordningar som gjer investeringane lønsame.

Negative konsekvensar

I eit innlegg på Aurland kommune sin nettstad syner ein til ein samfunnsøkonomisk analyse gjennomført av Menon Economics. Den viser eit kraftig fall i cruisetrafikken i kommunen om regelverket trer i kraft.

Rapporten syner at passasjertrafikken vert redusert frå 273.000 passasjerar i 2019 til 20.000 i heile perioden frå 2026-2040. Det tilsvarar 93 prosent nedgang.

Rygg tykkjer rapporten fokuserar for mykje på dei negative sidene og ikkje ser moglegheitene som ligg i det grøne skiftet.

Shuttletrafikk

Han trur ei løysing kan vera at cruiseskipa ankrar opp nær kysten og at ein fraktar turistane inn med utsleppsfrie båtar.

– Konsepta til å utføre denne transporten har me allereie utvikla. Det opererer i dag fleire nye og moderne heilnorske nullutslepp turistfartøy med plass til 300-400 passasjerar i turistfjordane. Desse fartøya har rekkevidda og kan avlaste cruiseskipa med transportetappen. Det vil truleg ikkje vera høve til å frakta 5-6 tusen turistar på ein formiddag, men ikkje alle desse turistane nyttar noko lokalt likevel. Med til dømes mellom fire og seks slike shuttle-fartøy i sving, vil eit høveleg tal turistar likevel få koma på land inst inne i desse områda eller andre attraktive stadar.

Bjarne Rygg er leder for Hurtigbåtforbundet. Foto: HRF
Bjarne Rygg er leder for Hurtigbåtforbundet. Foto: HRF

– Med denne løysinga vert det større distribusjon, redusert fotavtrykk og kvar turist vil leggja igjen meir til dei lokale. Det er ei kjempe moglegheit å få den kvalitetsbevisste turisten til å nytta seg av eit lokalt shuttle tilbod med ein grøn profil. Turistane vil inn å sjå det reine, grøne, frie og flotte. Då må ein driva det fram. Ein må få det inn i ei form der meir av pengane vert liggjande hjå dei lokale. Og det får me då, heilt i tråd med det som er intensjonen i Innovasjon Norge sin rapport Norsk Reiselivsstrategi 2030, og som byggjer på FN’s berekraftsmål.

Ikkje berre verdsarv

Han peikar òg på at dette ikkje berre vil gjelda verdsarv fjordane.

– Dette kjem i alle fjordar. Om den store tunge cruise tonnasjen flyttar seg i andre fjordar, vil dette uansett komma i ei eller anna form i alle fjordar frå 2030, slik gjeve i anmodningsvedtaket av Stortinget 3. mai 2018.

Les i Skipsrevyen her:

https://www.skipsrevyen.no/aurland-kommune-cruiseskip-verdensarv/utsleppsfrie-fjordar-kan-vera-drivkrafta-i-gron-turisme-om-ein-ikkje-set-krav-vert-det-heller-ingen-utvikling/1473690