[15.09.2021] Fjord1, Vy og dei fire eigarane i Aurland Ressursutvikling har signert ein prinsippavtale der målet er å etablere eit felles selskap for reiseliv i Norge.

Foto framside: Slik såg det ut i Flåm 7. august 2019. Foto: Cecilie Brendehaug Rysjedal

Prinsippavtalen er første steg for å samle alle reiselivsselskapa under eit felles eigarskap. Ei slik samling vil omfatte selskapa Aurland Ressursutvikling (ARU), Fjord Tours Group, Flåm Utvikling (Flåmsbana) og The Fjords.
Det har vore diskusjonar mellom partane over lengre tid, og med prinsippavtalen har partane fått på plass eit felles grunnlag for å jobbe vidare fram mot målet. Partane er samde om at ei samling er eit riktig strategisk grep som vil gi auka styrke til selskapa og til norsk reiseliv. Utfordringane som pandemien har skapt for reiselivet underbygger at ei konsolidering er nødvendig for å gi kraft til omstilling, utvikling og ny vekst, og ta den leiande posisjonen som partane ynskjer.
Vidare arbeid fram mot ein eventuell transaksjon omfattar ulike økonomiske og juridiske vurderingar hjå alle partar, og forhandlingar om endelege avtalar. Prosessen er forventa å ha ei avklaring før årsskiftet.
Om selskapa som vil inngå i samlinga
Aurland Ressursutvikling (ARU) er eigd av Siva Eiendom Holding (36,5%), Aurland Eige (30,8%), Schage Eiendom (23%) og Sogn Sparebank (9,7%). ARU har sidan slutten av 90-talet bygd opp Flåm som eit heilskapleg internasjonalt reisemål. ARU og dotterselskapet Norway’s best AS har ein nasjonal satsing på reiseliv og eit sterkt sal- og marknadsapparat. Myrkdalen Fjellandsby vart innfusjonert i ARU i 2020.
Fjord Tours Group er eigd av Fjord1 og Vy med 50 prosent kvar, og er eit selskap der Fjord1 og Vy satsar saman på berekraftig reiseliv. Fjord Tours Group eig 74 prosent av Fjord Tours AS, der ARU og Tide eig dei resterande aksjane. Fjord Tours er spesialist på berekraftige rundreiser med kollektivtransport, og har utvikla ein moderne digital plattform der turistane sjølve kan sette saman kollektivtransport, overnatting og aktivitetar.
Flåm Utvikling er eigd 50 prosent kvar av ARU og Vy. Selskapet har sals- og marknadsansvaret for Flåmsbana. Vy er togoperatør. Flåmsbana er ein av Noregs største turistattraksjonar.
The Fjords er eigd 50 prosent kvar av ARU og Fjord1. Selskapet har ein sterk posisjon innan miljøvenlege fjordopplevingar, og har blant anna tre nyskapande og prisvinnande batteridrivne fartøy.

For meir informasjon kontakt:
Øyvind Hasaas
Styreleiar i ARU
oyvind.hasaas@hasaasconsulting.no
915 10 014

Synne Homble
Styreleiar i Fjord Tours Group

synne.homble@vy.no
975 10 628